Ein dag gjekk Kanin langs elvebreidda.
One day, Rabbit was walking by the riverside.
Flodhest var der òg. Ho gjekk ein tur og åt litt fint grønt gras.
Hippo was there too, going for a stroll and eating some nice green grass.
Flodhest såg seg ikkje for, så ho var uheldig og trakka på foten til Kanin. Kanin skreik og byrja å ropa til Flodhest: «Hei, Flodhest! Ser du ikkje at du trakkar på foten min?»
Hippo didn’t see that Rabbit was there and she accidentally stepped on Rabbit’s foot.
Rabbit started screaming at Hippo, “You Hippo! Can’t you see that you’re stepping on my foot?”
Flodhest bad om unnskyldning til Kanin: «Eg er lei meg, venen min, eg såg deg ikkje. Ver så snill å tilgje meg!» Men Kanin ville ikkje høyra, og han ropte til Flodhest: «Du gjorde det med vilje! Ein dag kjem du til å få sjå! Dette kjem til å straffa seg!»
Hippo apologised to Rabbit, “I’m so sorry. I didn’t see you. Please forgive me!”
But Rabbit wouldn’t listen and he shouted at Hippo, “You did that on purpose! Someday, you’ll see! You’re going to pay!”
Då drog Kanin for å finna Eld, og han sa: «Dra og brenn Flodhest når ho kjem ut av vatnet for å eta gras. Ho trakka på meg!» Eld svara: «Ikkje noko problem, Kanin, venen min. Eg skal gjera akkurat det du bad meg om.»
Rabbit went to find Fire and said, “Go, burn Hippo when she comes out of the water to eat grass. She stepped on me!”
Fire answered, “No problem, Rabbit, my friend. I’ll do just what you ask.”
Seinare åt Flodhest gras langt frå elvebreidda då det plutseleg sa «svisj!» Eld vart til flammar. Flammane byrja å brenna håret til Flodhest.
Later, Hippo was eating grass far from the river when, “Whoosh!” Fire burst into flame. The flames began to burn Hippo’s hair.
Flodhest byrja å gråta og sprang mot vatnet. Alt håret hennar brann opp i elden. Flodhest gret: «Håret mitt har brunne opp i elden! Du brann alt håret mitt! Håret mitt er borte! Det vene, vakre håret mitt!»
Hippo started to cry and ran for the water. All her hair was burned off by the fire.
Hippo kept crying, “My hair has burned in the fire! My hair is all gone! My beautiful hair!”
Kanin var glad for at håret til Flodhest brann. Og den dag i dag, av frykt for elden, går ikkje flodhesten langt frå vatnet.
Rabbit was happy that Hippo’s hair was burned.
And to this day, for fear of fire, the hippo never goes far from the water.